SPELEMANNSBLADET
NUMMER 5 . 2004
 

Roar Vangen
Streng
Hot Club HCRCD 2033
Produsent og studioteknikar: VanGenz

Musikarar: Roar Vangen, Celio De Carvalho, Finn Evensen, Magne Askeland, Embla Aarvik, Kirsti Stenseth. Roar Vangen som komponist, arrangør og multiinstrumentalist (gitarar, bouzoki, bass, gitarsynt, munnharpe etc.)
Roar Vangen er for underteiknande eit nytt namn i musikkens verd. Det kan vera tilfeldig, det kan òg vera mangel på merksamnd, for Vangens skuld kan det ikkje vera. Dertil er han ein altfor velutvikla og habil musikar, og eg er glad over å bli kjent med han.
”Streng” er ein CD som byggjer på Vangens hovudinstrument, gitaren, og alle låtane har gitar som det framtredande instrumentet.
Roar Vangen er ein virtous i klassisk forstand. Dei tekniske utfordringane han ikkje meistrar ser ikkje – høyrest ikkje ut til å finnast. Her går det over stokk og stein og fjell og vidde i kontrollert flukt. Men Gud betre så fort! Det må kunne samanliknast med å sitje på med Petter Solberg i ei rallyfartsprøve, så her gjeld det å halde seg fast. Legg berre merke til skalaraida han gjennomfører som intonasjon og introduksjon  til ein bestemt meloditone i låten ”Kattungen”. Endå om denne låten generelt sett gir eit rolegare inntrykk enn t.d. ”Gi fan i tullen”. Så kan ein spørje om all denne fingerferdigheta og tekniske dugleiken går på kostnad av det musikalske. Svaret på eit slikt spørsmål i denne CD-samanhengen må bli ”nei”.
Kva så om ”Streng” som CD?
CD-en omslutar 10 titlar, og heile speletida er litt over 39 minuttar, noko som er ganske kort til ein full CD å vera. Men på ei anna side rekk du ikkje å bli lei.
Låtane har ei speltid på ein stad mellom 1:46 og 5:25. Altså nokså stor forskjell på lengda på låtane. Intrumenteringa er interessant. Frå reine sologitar-låtar til låtar som har tyngre instrumentering. Som sporet ”Til Dovre faller”.
Plata har ei sterk forankring i norsk tradisjonsmusikk (som han også takkar) men det er like tydeleg  at vindar frå andre nasjonar og andre etnisiteter har blåse over dette prosjektet. Ein kan ane inspirasjon frå balkanmusikk, t.d. ”Rundt & rundt”, i musikk frå austlegare breidder som India, Pakistan, t.d. ”Babylon Boogie”, og frå latinamerikansk musikk t.d. ”Norsk Jig” Det er særleg perkusjonspelet som gjev slike assosiasjonar, men og intonasjon og instrumentasjon på ein del av låtane. Det skal like vel presiserast at ”Streng” står ryddig og trygt på eigne bein, eller skal vi sei – strenger, men har ein inspirasjon i desse andre tradisjonsmusikkformene. Då nærmar vi oss nok ein gong det vi gjerne klassisfiserer som ”Verdsmusikk” (Worldmusic).
Ein kan stille seg undrande til miksinga somme stader. Songstemmene kjem dårleg fram, og kling ikkje så bra saman. Når dei skal vera melodiberande og ikkje berre kor, som i ”Hoppespretten” kunne ein ynskt at stemmene låg lengre fram i ljodbiletet. Dette hadde det vore lett å justere i miksen.
Likeeins er det underleg at avstanden mellom dei einskilde låtane på CD-en er så skiftande, frå 16 sek venting til at den eine ikkje er ferdig før den neste tar til. Dette kallar vi venleiksmerke som lite tyder.
I staden må det framhevjast at ”Streng” er eit svært flott tilskot til den nyare norske musikktradisjonen og CD-produksjonen.
Nokre ord om einskilde låtar:
”Gi fan i tullen”. Gitarlåt. Denne har eit drøymande og melodiøst førespel. Spela på stolstrengar. Etter det lange og vakre førespelet kjem ein virtous og sprek halling. Vangen spelar ein setesdalsinspirert sjølvlaga halling. Kan minne litt om ”Sylvartun” av og med Knut Reiersrud (som òg er takka saman med Annbjørg Lien).
”Fjellvind” tar til med ein gitarsyntsolo. Som lydkulisse er lagt svevande klangar som kan gje ein kjensle av ei fjellvidde ei kald og måneljos natt i februar. På dette sporet har det virtouse vike plass for det vare og melodiøse. Vakker låt og musikk.
”Venstrehåndslåtten”. Her er virtousen Vangen i full utfalding i ein dansande og morosam låt. Også denne må vera inspirert av setesdalsmusikken.
”Norsk Jig” kan ein seie det same om; virtous og humørfyllt med tablas i perkusjonen.
Enda er det 6 spanade låtar til...

Jens Beyer Graasvoll